Podlen

Her kan du lesa fakta og tips kring ved og vedfyring.

Vedavdelinga

Prislister for hent i butikk

 

Antal sekkar Antal sekkar
Pris Furu Pris Furu
Pris Lauvved Pris Lauvved
Pris Norsk småved Pris Norsk småved
Pris Gran Pris Gran
Antal sekkar 1
Pris Furu kr. 55
Pris Lauvved kr. 65
Pris Norsk småved kr. 55
Pris Gran kr.
Antal sekkar 5
Pris Furu kr. 275
Pris Lauvved kr. 325
Pris Norsk småved kr. 275
Pris Gran kr.
Antal sekkar 10
Pris Furu kr. 550
Pris Lauvved kr. 650
Pris Norsk småved kr. 550
Pris Gran kr.
Antal sekkar 15
Pris Furu kr. 825
Pris Lauvved kr. 975
Pris Norsk småved kr. 825
Pris Gran kr.
Antal sekkar 20
Pris Furu kr. 1.100
Pris Lauvved kr. 1.300
Pris Norsk småved kr. 1.100
Pris Gran kr.
Antal sekkar 25
Pris Furu kr. 1.375
Pris Lauvved kr. 1.625
Pris Norsk småved kr. 1.375
Pris Gran kr.
Antal sekkar 30
Pris Furu kr. 1.650
Pris Lauvved kr. 1.950
Pris Norsk småved kr. 1650
Pris Gran kr.
Antal sekkar 40
Pris Furu kr. 2.200
Pris Lauvved kr. 2.600
Pris Norsk småved kr. 2200
Pris Gran kr.
Antal sekkar 50
Pris Furu kr. 2.750
Pris Lauvved kr. 3.250
Pris Norsk småved kr. 2.750
Pris Gran kr.
Antal sekkar 60
Pris Furu kr. 3.300
Pris Lauvved kr. 3.900
Pris Norsk småved kr. 3.300
Pris Gran kr.
Prisar for heimtransport pr. tur

Minstekvantum for utkøyring er 20 sekkar. Mer lør opp veden på tilvist plass hjå deg. Sørg for at staden me leverer på er strødd om det er glatt, og me har rask tilkomst for leveringa.

Det kan vere ei ventetid på utkøyring av ved, då me kun køyrer ut når me har anledning til å vera vekke frå verkstaden. Difor ber me flest mogleg som har anledning til det, å komme innom oss for å hente veden.

   
 Heimtransport pr tur
 
Tal Sekker Stord Kommune Fitjar Kommune Bømlo Kommune
20 - 30 kr 250,- kr 350,- kr 450,-
31 - 60 kr 300,- kr 400,- kr 500,-


Ved er den desidert viktigaste og mest utbredde bioenergiforma i Noreg. Myndigheitene har laga ein Norsk Standard; ”Ved til brensel i hushaldningar”. Den har spesifikasjonar om vedklassar, treslag, måleeiningar, fuktighet, emballasje m.m. Me i Podlen Verkstad fylgjer denne standarden.

Podlen Verkstad AS har produsert ved i 20 år, og er no den største produsenten av ved i sekker på Stord. Produksjonen engasjerer opptil 10 yrkeshemma arbeidstakarar, og skjer i eigne lokale på Heiane. Me nyttar berre lokalt råstoff.

Ved for sal skal vera tørr. Det betyr at den skal ha maksimum 20 – 22 % fuktighet. Me har fuktighetsmålar, og gir garanti for at veden er tørr. Me pakkar veden i 40 liter sekker, og vedlengda er 30 cm. Du kan også få kjøpt ved i kortare lengder (småved).

Råstoff vert i hovedsak kjøpt frå lokale skogeigarar, entreprenørar, kommunen,vegvesen og utbyggjarar, alt tilkjørt i helle eller fallande lengder. Årleg produksjon er over 12.000 sekker. Produksjonen føregår heile året.

Utstyret som vert brukt spenner frå handsag og enkel vedkløyvar til vedmaskin og traktor med tømmerklype. Vedavdelinga disponerer over 300 m2 inneareal og store overbygde uteareal for lagring og tørking. 

 

Fakta om ved og vedfyring

  • Varme: Furu varmar nesten like mykje som bjørk (sjå tabell under), furu er rimelegare i pris og er lettare å tenna fyr på, furu tørkar fortare enn lauvved og furu gir raskare varme frå seg i omnen.
  • Storleik: Veden vert levert i fullpakka 40 liter sekker. Veden er kutta i vanleg 30 cm lengde. Veden er kløyvd i passeleg tjukke kubbar og den er ferdig tørka og klar til bruk. Veden er norsk. Tennved er inkludert i prisen.
  • Veden er produsert og pakka i samsvar med Norsk Standard sine reglar for vedproduksjon. Prisane er etter Vestskog sine vegleiande prisar. (Same pris som i fjor).
  •  Levering: Me leverer veden heim til deg, me lør sekkene fint opp i kjellaren, garasjen eller vedbua di.
  • Du kan også henta veden sjølv på Podlen Verkstad på Heiane, mellom kl. 08.00 og 15.00 måndag til fredag.
  • Pris og betalingsform: Me ynskjer kontant- eller kortbetaling. Dersom du ikkje er heime når me leverer kan du betale på førehand. Faste vedkundar får rekning tilsendt. Sjå prisliste over.

Me ynskjer at du vert ein nøgd vedkunde!

 

Historie

Ved har vore ei viktig energikjelde i uminnelege tider. I dag er ved den desidert viktigaste og mest utbreidde bioenergiforma i Noreg. Produkson av ved skjer overalt. Mange skaffar seg ved sjølv medan andre kjøper veden. Veden vert selt på mange måtar. I småsekker, i storsekker og som favnaved. Myndigheitene har laga ein Norsk Standard;

"Ved til brensel i husholdninger". Den har spesifikasjonar om vedklassar, treslag, måleeiningar, fuktgrenser, emallasje m.m. Podlen Verkstad fylgjer denne standarden. Vekta pr.  40 liters sekk ligg på 12 - 15 kg, avhengig av treslag.

Podlen Verkstad har produsert ved i over 25 år, og er ein av dei største produsentane/seljarane  av ved i sekker på Stord. Produksjonen engasjerer opptil 10 yrkeshemma arbeidstakarar og skjer i eigne lokale på Heiane, Stord. Podlen Verkstad brukar berre lokalt råstoff.  Det  er viktig i forhold til uavklarte spørsmål om insekt og andre ukjente faktorar kring importved.

Marknaden for ved er fri, og prissetjing er for så vidt også fri. Men Vestskog gir årleg vegleiande prisar. Podlen Verkstad held seg til desse. Norsk Ved er eit forum for vedprodusentar. Podlen Verkstad er medlem.

 

Ved for sal skal vera tørr. Det betyr at den skal vera tørka ned til maksimalt

20 - 22 % fukt. Podlen Verkstad har fuktmålar, og gir garantiar for at veden er tørr.

 

  • Vedfyring i open peis gir låg utnytting av veden, ca 15 %, og er eigentleg mest for kos.
  • Vedfyring i peis med innsats og i lukka omnar gir ca 70 % utnytting av energien.
  • Nye omnar utnyttar energien mykje bedre enn gamle omnar.

Fyringstips:

Bruk av opptenningsved lettar opptenninga. Fyr med god trekk under opptenning. Reduser trekken litt når du seinare jamleg legg ny ved i omnene.  Ikkje legg innpå i store mengde.  Hugs at all forbrenning krev oksygen. Struper du trekken for mykje vil tjærehaldige røykgassar bli uforbrente og leggja seg som eit belegg i pipa. Det kan enda i pipebrann.

 

Podlen Verkstad kan gi utfyllande tips om fyring.

 

Trevirke som brensel:

Trevirke på rot har 50 % fukt. Fyringsklar ved skal ha under 22 % fukt. Podlen Verkstad måler veden før sal. Kun tørr nok ved vert selt. Krokete og kvistrike tre har høgare brennverdi enn rake tre. Ulike treslag har ulik brennverdi. 

Volumvekta er avgjerande. Tabellen syner skilnaden mellom treslaga i kilowatt-timar pr fastkubikkmeter trevirke, for heilt tørr ved.

 

Rogn    Bøk    Eik    Ask    Lønn  Bjørk   Furu  Svartor   Selje   Osp   Gran   Gråor

 

 3190  3000  2900  2900  2800  2650     2350   2350      2290  2000   2000    1900

 

Måleeiningar for ved:

1 fm3 = 1 fastkubikkmeter = 1000 liter fast masse

1 lm3 = 1 lauskubikkmeter = massen med lufta mellom

1 favn (mål) ved 4 m x 1 m x 60 cm = 2,4 m stabla ved

1 favn 60 cm ved kappa i 30 cm lengder gir 3,3 m3 lausmål (ikkje stabla)

1 favn 60 cm ved krav 1,6 fm3 råvirke. Eit tre på 1,6 m3 gir 54 stk 40 liter sekker.

Norsk Standard for småsekker er: 40 liter (50 x 80 cm) 60 liter (56 x 86 cm) 80 liter (60 x 100 cm)

Fastmasseprosenten på stabla ved er ca 65 % av brutto volum. På laus ved ca 50 %

 

Les meir

Treng du ved kjørt heim til deg? Bruk bestillingsskjema og fyll inn leveringsadresse.

 

Produkt og tenestar
Bestill her!