Personvern

Podlen Verkstad AS
Hatlandsmyro 7, Heiane, 5412 Stord

Org.no.: 960424646
Tlf.: 53 40 90 00
post@podlenverkstad.no

Me ynskjer no å informera deg om kva personopplysningar me har lagra i samband med at du vitjar vår nettside, og til kva føremål dei vert brukt.

Korleis får me opplysningar frå deg?

Informasjonskapslar

Ein informasjonskapsel er ei tekstfil som ved besøk eller interaksjon med ei nettsida, vert lagra i din nettlesar sitt minne. Målet med slike kapslar er å hugsa tidlegare brukarinnstillingar og gje ei meir personleg tilpassa brukaroppleving.  Dei skal også henta inn statistikk som viser korleis sida vert brukt, slik at sida kan optimaliserast. Denne nettsida brukar informasjonskapslar, men samlar ikkje opp data som kan identifisera deg eller som kan krenka personvernet. Du kan bruka nesten alt innhald på vår nettside utan å oppgje dine data.

Nettstad

Vår nettstad er installert på ein server der alle besøk vert lagra i ein besøkslogg og ein feilmeldingslogg. Der vert di IP-adresse knyta til besøket og tidspunmktet for besøket. Dette vert gjort for å kunna feilsøkja eventuelle problem, utlevera data til myndigheiter i dei høve ei begjæring vert lagt fram, og å kunna identifisera og sperra for hackarangrep. Persondata som vert samla inn på vår nettstad vil verta lagra i ein sikkerheitskopi i inntil 1 månad etter at data er sletta. Dette fordi me er avhengig av å kunna henta inn all data dersom det oppstår eit fullstendig datatap.

Google Analytics

Nettsidea brukar Google Analytics som analyseverktøy, der informasjonen er lagra på ein av Google sine servere. Informasjonen er underlagt Google sine retningslinjer for personvern. Nettsida brukar funksjonen 'anonymizeIp' for å anonymisera IP-adressa til besøkjande for ikkje å kunna identifisera den enkelte brukaren.

Skjemainnsending

Brukar du vårt bestillingsskjema, eller andre skjema på nettsida, vil innsamla data berre verta brukt av oss og berre i den grad det er nødvendig for å driva kundeservice.

Loggfiler

Som dei fleste andre nettsider brukar me loggfiler. Informasjon i loggfilene inkluderer IP-adresser, type nettlesar, ISP, tidspunkt, refererande sider m.m. Denne informasjonen er ikkje personleg identifiserbar.

YouTube

Dersom me brukar YouTube for å visa videoar: YouTube lagrar cookies, som f.eks. personlege innstillingar og informasjon om båndbredde. Dette er i likheit med Google Analytics også underlagt Googles retningslinjer for personvern.

Google Ads

Dersom me i ein periode bruka Google Ads og sporar handlingar om eit resultat av klikk på ei annonse, vil Google samla inn informasjon for å tilpassa annonser for brukarar basert på interesse og tidlegare nettstadbruk. Å vera målretta på denne måten bidreg til ei meir relevant markedsføring for deg som brukar. I samsvar med Google sin personvernpolitikk vert det ikkje samla inn eller brukt informasjon som kan brukast til å identifisera individ.

Kva brukar me informasjonen til?

Statistikk og analyse

Via informasjonskaplar og annonsering på andre digitale plattformer vert data samla inn som viser korleis du kom fram til denne sida, som f.eks. via søk eller ei ekstern lenke, korleis du har navigert i nettsida sin underliggjande struktur, om du besøkte sida med pc eller mobil og kor lenge du var på dei ulike sidene. Denne informasjonen er nyttig for å kunna gjera nettsida meir brukarvenleg og forbedra vår komunikajon til deg som brukar.

Leveranse og oppfølging av tjenester

For å kunna yta service og levera våre tenester behandlar me personopplysningar i samband med e-post dialog, fakturering, rekneskap, kundeservice og generell oppfølging av deg som kunde av våre tenester. Når du har eit aktivt kundeforhold hos oss, ser me kontakt med deg som eit naturleg ledd i samarbeidet vårt.

Kor lenge lagrar me informasjonen?

Me lagrar personopplysningane dine så lenge det er nødvendig for tenestetilbodet vårt, eller behovet for å laga statistikk og/eller analyse. Så lenge du er i aktiv kontakt eller relasjon med oss beheld me informasjonen, fram til den ikkje lenger er nødvendig eller du bed om at me slettar deg frå systemet vårt.

Kven utleverer me informasjonen til?

Me utleverer opplysningar til andre truverdige partar, berre med ditt samtykke. Også til dei databehandlarar som arbeider som underleverandørar hos oss og som då behandlar dine opplysningar etter våre reglar og formål med handtering av personopplysningar. Informasjon vert berre delt dersom det er nødvendig for normal tenesteleveranse hos oss. Ingen av våre underleverandørar eller samarbeidspartar knyta til oss, kan bruka disse opplysningane til noko anna føremål enn det som er avtalt med oss. Alle som er ansatt hos oss er underlagt teieplikt i samband med dine personopplysningar.

Korleis vernar me informasjonen?

Alle våre datamaskiner på våre kontor er sikra med passord. Når bedrifta står tom, er den avlåst med alarm. Me lagrar det meste av personopplysningar knyta til kundeforhold i skybaserte løysingar, og på sikker server. Ved spesielle høve vert informasjon handtert i printa format. Dette vert makulert eller arkivert trygt i etterkant.

Har du ynskje om innsyn, eller vil du sletta informasjonen me har om deg?

Har du ynskje om at me slettar personopplysningane me har lagra om deg, eller ynskjer du innsyn i kva personopplysningar me har lagra, ver venleg å ta kontakt med oss på telefon 53 40 90 00 eller på e-post post@podlenverkstad.no